onsdag 7. mars 2012

VINTERFERIE

Då var vinterferien over, og me er tilbake til kvardagen igjen.
Me var ein tur på hytto i vinterferien, og sjølv om eg ikkje liker det våte og sure været, så er det nokon andre som STORTRIVES med alt vatnet....


Utenfor hytto er det ein stor dam, der det samler seg masse vatn når det regner. Gutane synest det er kjempegøy å leike i vatnet der.....og eg er glad for at me har MASSE kle, sko, vaskemaskin, tørkeplass og skotørker..... Det blir mange skift iløpet av ein dag.


Sidan været var så vått og surt, blei det mest innearbeid for meg..... Eit prosjekt som eg ikkje kan vise fram endå blei nesten ferdig....




Koselig var det og når Celine, med god "hjelp" av Henrik lagde kaka.....
Nøttebunn fylt med vaniljekrem, krem og pynta med jordbær, druer og sjokolade.
Nam, nam......det varte ikkje lenge før den var spist opp!!

Sjølv om veka var grå og våt, er det likevel kjekt at temperaturen er begynt å stige, og det "lukter" vår ute. Er kjekt å gå ein tur ut kvar dag for å sjå etter nye tegn på at naturen begynner å våkne..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar