tirsdag 29. november 2011

NY SYMASKIN

Dagane går fort, og eg oppdagar no at det er ei stund sidan eg har blogga. Eg har ikkje så mykje nytt å legge ut, for det meste eg held på med no er julegåver og det våger eg ikkje legge ut før etter julafta.
......MEN det eg kan skrive er at eg har kjøpt ny symaskin!!!


Broderimaskinen Husqvarna Topaz 30.....

Eg har såvidt prøvd den, men gleder meg til å setje igong med broderingen. Tida har ikkje strukke til endå.....skulle så gjerne hatt nokon fleire timar i døgnet......

tirsdag 8. november 2011

Votter




Når Amalie skulle til Geilo, måtte eg rett og slett strikka nye votter til ho. Blei ganske fornøyd med vottene, som har navnet hennes på.
Vottene er strikka i "Sterk", eit fantastisk mjukt og godt garn og strikke i.
40% Alpakk, 40% merino ull og 20 % nylon....

Julesokker

Ja, det er berre å innsjå at jula nærmer seg med stormskritt.... Juleforberedelser er sjarmerande og kjekt, når alt arbeidet er under kontroll....dessverre er det sjelden eg har vore på det stadiet.

I ÅR har eg ihvertfall tenkt å bli tidlig ferdig med julegåver, julebakst, julevask osv, osv..... akkurat det samme som eg tenker kvart år....men kvart år ender det med at eg heseblesande pakker inn dei siste julegåvene litle-julafta, julebaksten blir tatt på Rimi, og julevasken blir utsatt til sommaren.... som deretter blir utsatt til jula igjen....det er vel det som blir omtalt som den "onde sirkel"???

Årets fyrste "juleprosjekt" er å sy nye julesokker til ungane, dei gamle er utslitt etter mange års bruk... Julesokk erstatter adventskalender her i huset. Dei heng på rekke og rad på kjøkkenet frå 1.desember, og kvar morgon er det spennande kva som er i pakken som nissen har vore å lagt oppi om natta.

 
Eg kjøpte eit kjempefint rødt flanellstoff, og klipte ut ein enkel sokk....

Masse små deler skal bli til 2 julemus som heng opp julekuler på juletre..


                                Her er musene komt på plass, og gutane har fått navnet sitt på......
(Jentene sine sokker er ikkje komt så langt endå...)

No sitter eg og syr "barnåler" på kanten av sokkene.....utruleg masse arbeid....

Så gjenstår berre monteringa av sokkane....blir spennande å sjå dei ferdig.

lørdag 5. november 2011

SYMASKIN KRIIIIIIIISE!!!!

Eg har i det siste vore lite effektiv på husarbeid og anna nødvendig arbeid i heimen..... Sliter fremdeles med magesmerter, som no og har spredd seg bak i korsrygg/bekken....:(

....men er blitt veldig flink til å planlegge nye prosjekt, og eg er blitt effektiv på håndarbeidsfronten. Veldig kjekt at eg ihvertfall klarer å kose meg med strikking og syarbeid, og det blir nok nokon som får heimelaga julegåver i år...

No har eg imidlertid måtte levere min nye symaskin inn på reperasjon. Eg kjøpte meg ny maskin i fjor, ein Husqvarna Viking Sapphire 835Quilt. Kjempefin maskin, som eg har vore veldig fornøyd med, og med den har eg utforska nye område innan søm.... Tidligere har det vore mest nyttesøm, og bunadsying, men med den nye maskinen har eg og blitt "hekta" på div. lappeteknikk.....


Kjempegøy har det vore å lære å maskinquilte..... Det har absolutt gitt meirsmak, og eg har hatt masse koselige stunder bak symaskinen...
No var eg komt så langt at eg ville prøve frihåndsquilting. Eg les bruksanvisning, søkte på nettet, og såg på cd`en som var med. Dette såg kjempegøy ut, og eg satte igang. Sydde ein fin duk, masse fine farger og lapper, og så var eg klar for frihåndsquilting......

......men DÅ begynte problemet!!!

Etter nokon få runder, røyk overtråden, og undertråden låg i ei einaste stor "vase" under..... Etter mange forsøk, skifte av tråd, skifte av nål, reingjering av spolehus og MASSE nye og gamle "gloser" måtte eg rett og slett berre innsjå at noko var galt.....

Eg kjøpte symaskinen hos www.symaskiner.no, som held til i Ål. Når eg no skulle til Geilo, tok eg likegodt symaskinen min med meg, og kjørte ned til Ål. Forhandleren var kjempegrei, og tok seg tid til å prøve og undersøke, og fant ut at nålefeste var laust, og han måtte då sende maskinen videre for reperasjon.....

Eg måtte då reise heim igjen, og finne fram min gode gamle symaskin, ein 20 år gammal Husqvarna 400 Computer......som no var blitt "hytte-symaskin".....


 
Den gode gamle maskinen gjer fremdeles jobben sin, men "mangler" nokon sømmer som eg no rett og slett er blitt avhenging av.....deriblandt quiltestingene.....
men det som no gjer at eg er i "symaskin-KRISE" er at når eg var i Ål, fekk eg tilbud om å bytte ut symaskinen min i broderimaskinen Husqvarna Viking Topaz 30..... og for ein drøm.....


No er det tenke, tenke, tenke og tenke.......mens eg drømmer videre......