fredag 10. februar 2012

ET ROSETEPPE

Som eg tidligere har skrive så har eg alltid fleire prosjekt på gang samtidig.... I påvente av å få meir vlisofix til "Something Fishy" så begynner eg på neste prosjekt.... ET ROSETEPPE.


                         Dette blei et litt dårlig bilde, men det var det beste eg fekk til.

Et roseteppe falt eg fullstendig for fyrste gong eg såg det.... Eg hadde vore innom Quiltekroken i Bergen og handla MASSE fint stoff. Når eg gjekk ut døra med 2 fulle poser med stoff, såg eg tilfeldigvis dette teppe henge utstilt i vinduet. Eg snudde med ein gong og gjekk inn igjen og fekk kjøpt mønsteret. Mønsteret var gitt ut i 2007. så butikken hadde ikkje igjen noko av dei orginale stoffa....men eg var lykkelig over ihvertfall få kjøpt mønsteret.

Når eg kom heim starta "jakta" på dei orginale stoffa. Eg hadde veldig lyst til å ha dei orginale stoffa, fordi det var fantastiske farger saman.....men å få tak i dei orginale stoffa blei ein utfordring. Masse e.mailer blei sendt til forskjellige nettbutikker, og eg fekk tilslutt tak i ALLE orginale stoff.....men det blei frå 5 forskjellige nettbutikker:) Gjett om det er fine farger sammen!!!

No har stoffa lagt ei stund før eg tok mot til meg å begynnte. Eg har aldri sydd eit heilt teppe før, så dette blir nok ein utfordring.....men gleder meg til den utfordringen....

Her er alle lappane kutta opp..... Har brukt mesteparten av dagen til å kutta desse lappane, men no er alle bitene til alle blokkene kutta. Då er det berre å begynne å sy sammen og stitche dei blokkene som skal stitches.....

Men idag kom vlisofix`en i posten, så då er planen å sy ferdig "Something Fishy" fyrst......trur eg:))

Ha ein fin kveld, og God helg:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar