mandag 19. mars 2012

VINTER......Igjen??

Stor var skuffelsen når eg sto opp idag tidlig og såg at bakken var dekka av eit tynt kvitt lag med snø.

Heldigvis forsvant den fort når sola kom fram....men det har likevel vore ganske kaldt idag.

I tillegg til litt støvsuging og rydding, har eg idag måtte klippe meir biter til ramma til "Something Fishy". Eg trudde eg hadde kutta nok igår, men det var dessverre ikkje nok til heile ramma.

Som eg tidligere har skrive, så har eg alltid fleire ting på gang -samtidig.

Til 17.mai skal eg sy bunad til tantejento mi, Susanne.... Det blir spennande å sjå om eg får den ferdig, men no har eg ihvertfall klipt den ferdig.

Her ligg delene, vesten, brystduk, belte og lue...

Tidligere har eg sydd bunad til broren, Jonas.....




søndag 18. mars 2012

SOMETHING FISHY......Fortsetter....

Idag har eg fortsatt på bildet "Something Fishy".....


Eg har sydd sammen dei fire blokkene, men før eg kan stryke fast fiskane i dei to tomme blokkene må ramma og sy`s på. Det er fordi ein del av motivet skal strykast/syast på ramma....

Ramma skal syast i eit fiskebein mønster, så då måtte eg klyppe opp små biter til det....


Her ligg det 102 biter, klar til å "puslast" sammen..


Her er eindel av ramma sydd sammen. Skal deretter kuttast og syast fast til bildet. Det er eit tidkrevande arbeid, og tolmodigheten min blir satt på ein tøff prøve......men det er jo kjempekjekt når eg får det til....:)



SMAK AV VÅR.....

Etter ei veka med nyrebekkenbetendelse begynner no formen å bli litt bedre.....hadde berre dei magasmertene som eg har slite med i fleire månader tatt slutt, så hadde alt vore veldig bra....

Sjølv om det regner og sludder på rutene no i kveld, har faktisk våren hatt ein lynvisitt innom i dag. Etter ein tur ut i hagen, var det tydelig at naturen er begynt å våkne, og me går mot lysare og varmare tider:)

Alt blir jo så mykje bedre med ein gong sola kikker fram.....



                                           Julerosa står i full blomst.
                                                         ...innimellom mose og kvister...




Det gjer snøklokkene og krokusen og....


 

Vårlyngen er og i full blomst:)

Tydelige tegn på at det nærmer seg VÅR!!!



onsdag 14. mars 2012

KJÆRESTEVOTTER

Då kan eg vise fram prosjektet som eg begynnte på i vinterferien.....kjærestevotter!

Det betyr at den eine votten er ein stor felles vott, der kjærester kan kan leie kvarandre....Utruleg koselig med "kroppskontakt"  -uten votter mellom.....og det er jo grunnen til navnet.


Dette var ei gåve til min kjære onkel Reidar og hans utvalgte, Sidsel. Dei gifta seg 8.august 2011 uten at nokon visste om det....Ei veke seinare var me invitert på koselig middag hos dei, og dei fortalte då den koselige nyheten.

Sidsel har fortalt meg fleire gongar at ho ønska seg kjærestevottar, og planen var at dei skulle få desse til jul.....men tida mi begrensa dessverre det.

Lørdag 10.mars inviterte dei venner og familie til ein kjempestor fest, med fantastisk god mat, drikke, kaker og underholdning. Det passa jo då fint at vottane blei ferdig og gitt som bryllupsgåve.


Også desse vottane strikka eg navn på...... Fellesvotten har eit navn på kvar side.


Baksida har rutemønster med hjerte på tommelen.

Eg håper vottane blir mykje brukt, og samtidig vil eg ønske Sidsel velkommen inn i familien vår. Me har alle blitt veldig glad i deg, og håper du og onkel vil få ei fantastisk framtid sammen.....





fredag 9. mars 2012

BUNADCAPE

Mars månad betyr at det er på tide å begynne å forberede "bunadsesongen". Kvart år er det eit eller anna bunadprosjekt som skal vera ferdig til 17.mai el ein eller anna konfirmasjon....og kvart år lover eg meg sjølv at neste år skal eg begynne tidligere. Bunader som skal sys inn, evt deler som er for små....


Dei siste dagane har eg klipt og sydd på ein bunadcape, og eg er no komt så langt at den er klar for å legge opp... "Kosearbeid" inne no når det er surt og vått ute.

Ha ein fin dag!

onsdag 7. mars 2012

SYMAPPE

Eg har no endelig gjort ferdig symappa som eg begynte på tidligere i vinter..... Fort gjort å sy mappa, men lukkekanten rundt (som skal syast for hånd) tar jo selvfølgelig lengre tid...


.....men no når den er ferdig, må eg sei at eg blei veldig fornøyd med sluttresultatet. Planen er å ha små syarbeid i, f.eks hardangersøm krager, linning o.l. No ligg det nederst i veska i ein stygg plastpose..... men det er jo både kjekkare og finare å ha det liggande i ei symappe....


Inni er deg laga ei stor lomme, med strikk. Der er det planen at syarbeidet skal ligge.
Det er og små lommer der det er plass til sytråd og  nåler. Det er og laga til eit bånd som trådkutteren skal festes i.


Baksida består og av ei stor lomme, grei å ha mønser i...


VINTERFERIE

Då var vinterferien over, og me er tilbake til kvardagen igjen.
Me var ein tur på hytto i vinterferien, og sjølv om eg ikkje liker det våte og sure været, så er det nokon andre som STORTRIVES med alt vatnet....


Utenfor hytto er det ein stor dam, der det samler seg masse vatn når det regner. Gutane synest det er kjempegøy å leike i vatnet der.....og eg er glad for at me har MASSE kle, sko, vaskemaskin, tørkeplass og skotørker..... Det blir mange skift iløpet av ein dag.


Sidan været var så vått og surt, blei det mest innearbeid for meg..... Eit prosjekt som eg ikkje kan vise fram endå blei nesten ferdig....




Koselig var det og når Celine, med god "hjelp" av Henrik lagde kaka.....
Nøttebunn fylt med vaniljekrem, krem og pynta med jordbær, druer og sjokolade.
Nam, nam......det varte ikkje lenge før den var spist opp!!

Sjølv om veka var grå og våt, er det likevel kjekt at temperaturen er begynt å stige, og det "lukter" vår ute. Er kjekt å gå ein tur ut kvar dag for å sjå etter nye tegn på at naturen begynner å våkne..