onsdag 14. mars 2012

KJÆRESTEVOTTER

Då kan eg vise fram prosjektet som eg begynnte på i vinterferien.....kjærestevotter!

Det betyr at den eine votten er ein stor felles vott, der kjærester kan kan leie kvarandre....Utruleg koselig med "kroppskontakt"  -uten votter mellom.....og det er jo grunnen til navnet.


Dette var ei gåve til min kjære onkel Reidar og hans utvalgte, Sidsel. Dei gifta seg 8.august 2011 uten at nokon visste om det....Ei veke seinare var me invitert på koselig middag hos dei, og dei fortalte då den koselige nyheten.

Sidsel har fortalt meg fleire gongar at ho ønska seg kjærestevottar, og planen var at dei skulle få desse til jul.....men tida mi begrensa dessverre det.

Lørdag 10.mars inviterte dei venner og familie til ein kjempestor fest, med fantastisk god mat, drikke, kaker og underholdning. Det passa jo då fint at vottane blei ferdig og gitt som bryllupsgåve.


Også desse vottane strikka eg navn på...... Fellesvotten har eit navn på kvar side.


Baksida har rutemønster med hjerte på tommelen.

Eg håper vottane blir mykje brukt, og samtidig vil eg ønske Sidsel velkommen inn i familien vår. Me har alle blitt veldig glad i deg, og håper du og onkel vil få ei fantastisk framtid sammen.....





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar