lørdag 29. oktober 2011

Geilomo

Dagane etter bursdagsfeiringa har blitt brukt til å planlegge og pakke til Amalie skulle reise til Geilo på astma-habilitering.... Mykje skulle pakkast, og garderoben her heima har ikkje vore tilpassa vinter endå...men det måtte ordnast. Når ho no skal vera på Geilo i 4 veker, krev det vintergarderobe....sjølv om snøen ikkje er komt der endå.... Ikkje enkelt å få oversikt over alt nødvendig utstyr, og ikkje minst; MERKING av alle kle/utsyr.....men kom heldigvis i mål...

Me starta turen heimefrå mandag morgon kl. 05.20..... ingen av oss var heilt våken, men etterkvart som det lysna og blei dag, våkna me begge til.

 
Me hadde ein kjempefin tur over Hardangervidda, sola skein, lite trafikk, men kald vind..... Me måtte likevel ha oss ein stopp, og gå ut og strekka litt på beina!

Då me nærma oss Ustaoset, kom skodda "rullande" mot oss......
...og plutselig var me "inntylla" i tett skodda.... UTRULEG kor fort været skifta!!

Me kom likevel vel fram til Geilomo Barnesjukehus, og har no hatt nokon spennande dagar med masse  spennande inntrykk.
Her står ei spent jente, framfor Geilomo.

Etter 6 dagar på Geilomo, måtte eg idag reise heim igjen.... Tøft å reise frå ho, men satser på at ho får eit kjempefint opphold.....

Bursdagsfeiring

Dagane og vekene går så utruleg fort, og plutselig har det gått 2 veker utan noko oppdatering....
Bursdagen til tvillingane blei feira med fullt hus, og tvillingane koste seg når dei fekk full oppmerksomhet og kaker.... Blåse lys på kaka hadde dei gleda og øvd seg på lenge, og blåsa fekk dei....opptil fleire gonger...


....men det som var det kjekkaste var selvfølgelig å få smaka på marsipanrosene.....



Etter ein vellykka og koselig bursdagsfeiring, endte denne dagen og i ein tur til legen.... Sindre var uheldig og datt ned frå stolen og slo seg i skuldera. Resultat: Kragebeinsbrudd!!

fredag 14. oktober 2011

GRATULERA MED DAGEN

Då var 3 år allerede gått, og tvillingane er blitt 3 år.... Utruleg kor fort åra har gått!!
Gratulera så masse med dagen, sjarmtrolla våre...

torsdag 13. oktober 2011

KJØKKENHJELP

Etter ei slitsom og tøff veke, der eg har hatt ein feber-/astmasjuk gut, og ein veldig frisk gut, kombinert med at eg sjølv har hatt nyrebekkenbetendelse er det berre å brette opp armane og begynne å forberede 3 års dagen til tvillingane....
Kakebaking står fyrst på programmet, med GOD "hjelp" av to aktive gutar.

Stolane "fyk" raskt over golvet og gutane står kjapt mellom meg og kjøkkendisken....med unntak av dei gongane dei er oppå disken for å undersøke nærmare, ingredienser og kakeformer. Sukkerskåler må sleikast reine, mjøl smaker ikkje godt, så den skåla blir raskt skubba vekk.... Smør derimot smaker fantastisk.....

Stressnivået blir litt høgt, når det står ein gut bak meg og stabler egg utover kjøkkendisken, og ein gut ved sida av meg som drikk fløyterester....som faktisk ikkje er rester...
Når daimsjokoladen plutselig "knekk" på midten og store daim-biter forsvinn inn i ein liten barnemunn, fortel blikk og smil at det er ein gut som er veldig fornøyd med innsatsen.



Det er sånne dager at ønske om eit ekstra sett med armer står høgt på ønskelista....


Deilig var det derfor når "Store-Ramp" la seg ned til å sove..... Han er ikkje heilt på topp endå, men DET er "Lille-Ramp", og  no har han fullstendig enevelde på kjøkkenet.....
Aktivitetsnivået hans er på topp, og han er raskt å sleike både slikkepotter og visper FØR mammo oppdager det....



Etter nokon timer med baking, er 2 stk daimkaker, 2 sukkerbunner og 1 suksesskake på plass i frysen, klar for lørdagens bursdagsfeiring!!
...at det er litt lite daim i iskaka og at sukkerbotnen mangler litt av hjørnet er det vel ikkje nokon som ser??


torsdag 6. oktober 2011

HUMMERFISKE


Sist helg var det start på årets hummerfiske. Eg er ikkje noko ivrig fisker, men sonen min synest det er spennande å setje teiner og sjå resultatet...
Sist helg var han på besøk hos farmor og farfar, og då fekk han farfar med seg og satt teine. Overraskelsen var stor når han fekk denne store "karen" i teina..... 47cm og 2030gr. Gjett om han var kry når han kom heim??