onsdag 24. august 2011

Fiskekaker

Eg var så heldig å få ei bøtte med masse fisk hos svigerfar.....og då måtte det rett og slett bli fiskekaker til middag idag. Veldig lenge sidan eg har laga det, så eg  lagde rikelig sånn at eg kunne fylle i frysen.
Glad eg har ein god kverner når fisken skal kvernast.....

Masse gode fiskekaker blei det.....Her er nokon av dei....Gode??

Med wok`a brokkoli, poteter og rømme blei det rett og slett ein NYDELIG middag......
....og til kvelds blei det skive med fiskekake, agurk, mini-tomater og paprika.....NAM, NAM....

tirsdag 23. august 2011

KVELDS-SKUMRING

Kjempegøy å sjå at nokon er innom og leser bloggen min.

I kveld måtte eg rett og slett ut på terrassen og ta nokon bilder....Rett og slett fantastisk og stemningsfult...
"Fuktig luft" og ein spesiell "haust-lukt" minner om at hausten nærmer seg veldig....

Litt spesielt med furu-trena som "stjeler" utsikten.... Om sommeren er det dei samme trena som "stjeler" dei siste sol-strålene om kvelden... Konklusjon: Dei lever i "fare" den dagen det minker på ved i kjelleren:-(


Ved å snu seg og forandre utsikt, forandrer himmelen fort farge og...... Stemningsfult:-)

Då blir det jo spennande å sjå kva morgondagen bringer..... Sol eller regn??

mandag 22. august 2011

All Cooped Up

Oj....no blei er overraska når eg gjekk inn på bloggen min og oppdaga at over 80 stk har besøkt bloggen min idag:-) Kjempegøy!!

Idag har eg ikkje vore heilt i form, så eg har tilbragt dagen i "go`stolen", og avslutta veggbildet mitt "All Cooped Up". Det kjedelige med lappeteknikk er jo å sy kanten til slutt.....for hånd!! Eg er blandt dei som HATER tråkling og "avsluttningsarbeid".... Har derfor masse "halvferdige" arbeid som ligg litt rundt omkring.....dessverre!!

Dette er faktisk det fyrste store lappearbeidet mitt, og det var kjempegøy å sy... Blei faktisk ferdig med det og, UTEN at det har vore innom "bli-ferdig-haugen" min:-)


Mykje arbeid var det å klippa ut alle dei små delene som fyrst skulle limast fast på teppet. Deretter skal kvar del syast fast med symaskinen. Ofte trådbytte og små detaljer gjer at det er tidkrevande.....men så blir jo sluttresultatet flott då!

Det er i utgangspunktet 4 forskjellige bilder som blir satt sammen til 1.... Her er værhanen....

-----Liten kylling på "prestekrage". Dette var den som var mest utfordrande synest eg. Her er kvar einaste kronblad klipt ut og blitt satt sammen til ein blomst. Det var mykje arbeid å få den slik som den skulle vera. Alle kronbladene skulle setjast sammen, samtidig som midten skulle "dekka" alle endane.

-----Liten kylling på egg. Denne blei sydd på samme måte som forrige, der kvart kronblad blei klipt kvar for seg og satt sammen til ein blomst. Likevel var den enklere, for her var det "berre" ein blom som skulle passa.....

Siste bilde er og ein hane, den var litt vanskeligare enn fyrste hane, fordi det er eindel "små-deler" som skulle bli satt sammen til ein hane:-) Eg synest den blei fargerik og fin:-)

søndag 21. august 2011

Solan og Ludvik

Denne sommaren har dessverre ikkje vore heilt sånn som eg kunne tenkt meg. Alt starta med ein nyrebekkenbetendelse, som gjekk over til "murrande, stikkande, brennande og vonde" magesmerter. Etter masse fram og tilbake og div "diagnosar" er eg kome litt nærmare eit svar.... Sannsynligvis er det eit brokk, men det er ikkje 100% bekrefta. Skal på CT på torsdag, og håper då på eit svar.

Det er derfor ikkje så mykje eg har orka i sommar. Ikkje så enkelt å få ting gjort når det er vondt å strekke seg ut, og helst vil sitje "krøka" i ein stol. Har masse planer, og når ein sit "krøka" i ein stol får ein jo og nye ideer.... Har derfor fått det endå meir travelt med å bli frisk:-)

Strikking er noko som eg har fått gjort i sommar, og då er det Solan og Ludvik eg har skapt. Dei var kjempegøy å strikka, men det var veldig frustrerande når tråden "floka" seg, og eg mista masker. Det er bortimot umulig å rekke opp el finne igjen masker i det "flussete" garnet......
Det som og gav meg ein stor utfordring var å hekle hatten til Ludvik. Eg kan ikkje hekle, og eg hadde heller ikkje lese mønsteret før eg starta. Eg hadde derfor ikkje noko valg, -eg MÅTTE lære meg å hekle.
Tolmodigheten min blei ihvertfall satt på prøve. Fyrste hatten såg ut akkurat som "Egon Olsen" sin, så då var det berre å starte på nytt!! Etter mange forskjellige fasonger fekk eg dreisen på heklenåla, og hatten blei tilslutt fin. Eg meiner derfor eg heretter kan sei at eg kan faktisk hekle og:-)


Små detaljer gjer også Solan og Ludvik ekstra fine.... Solan har ein liten "hale" som stikk ut av buksa bak, og eg har ingen problem med å sjå for meg Solan når han "vifter" med halen i det han stikk hovudet inn i teltet til Sheik`en og får sjå den nydelige "Soline"....
Ludvik sin sekk er og med på å gjere han ekstra fin og truverdig:-) Er rett og slett imponert over vedkommande som har laga dette mønsteret.....


Små detaljer som "pingpong-baller" på skoene gjev ekstra arbeid, men resultatet blir flott:-)

                                                      "Fali`det"......

Blir nok strikka fleire av desse..... det var rett og slett kjempegøy:-)

torsdag 18. august 2011

Fyrste steg...

Då har eg og tenkt å bevege meg inn i "bloggverden".... Planen med denne bloggen er stort sett å vise kvardagen min, og mine håndarbeidsprosjekt. Eg er mamma til 5, og det gjev meg stadig nye gleder og utfordringer... Ein blir sliten både fysisk og psykisk av 2-års trass og tenåringstrass, men det er vel normalt?
Eg er og mamma til tvillinger på 2 år, og det er "dobbel-utfordring" og dobbel glede!!  Når "Store-Pøbel" får nei, MÅ jo selvfølgelig "Lille-Pøbel" prøve det samme....er jo ikkje sikkert at det samme gjeld for han og når "Store-pøbel" gir ein god kos, må jo "Lille-pøbel" og gje ein god kos....:-)

Håndarbeid er min store lidenskap, strikking, brodering, perling, og det siste er lappeteknikk. Er her heilt fersk, men synest det er kjempegøy!
Bloggen her kjem nok til å handle mest om håndarbeid. Eg sjølv synest det er kjempegøy å "surfe" gjennom håndarbeidsblogger, og få inspirasjon frå andre. Kanskje eg og kan inspirere nokon??

Eg driv og nettbutikken http://www.mari-anne.no/. Der selger eg barnesikring/-utstyr, garn og div hobbyutstyr. Ta gjerne ein tur innom der og.

Håper du har lyst til å følge bloggen min, og legg gjerne igjen ein kommentar:-)
                                         Meg og familien min