torsdag 1. desember 2011

1.DESEMBER

Då var me allerede komt til desember, og det er 24 dagar igjen til jul....og det betyr ADVENTSKALENDER......
Igår kveld kunne eg henge opp 5 nye adventssokker, og det var 5 spente og glade unger som idag tidlig kunne pakke opp årets fyrste adventspakke..


I år har eg og kjøpt meg adventskalender.... Nettbutikken, "Northern Quilts" solgte "lappeteknikk-kalender" med 24 spennande pakker i ... Eg har ikkje hatt adventskalender sidan eg var lita og fekk sjokoladekalender hos mamma..... No tenkte eg at det faktisk var på tide at eg og fekk adventskalender, sjølv om eg måtte kjøpe den sjølv.....

Eg blei litt skuffa når eg fekk den, fordi dei 24 pakkane var pakka inn i kvite, delvis gjennomsiktige papirposer.... Når eg oppdaga det, var eg rask å legge dei ned igjen i pakken (fekk eit lite glimt av viljestyrke), og overleverte den til dattera mi, som var snill og pakka dei inn i raude nisseposer frå Nille......

Resultatet blei slik...... Kjempespennande, og eg gleder meg "som ein unge" til å pakke opp ein liten pakke kvar dag.....


Dagens pakke var eit kjempefint stoff, kremfarga med mønster....
Gleder meg allerede til pakken imåro....