fredag 27. juli 2012

Revestreker

Me har sidan tidlig i vår hatt besøk av ein nydelig rev..... Den er tam, og "går mellom beina" på oss ute i tunet. Fleire gonger har den vore oppe på trappa og stjåle sko, og dradd dei utover tunet.

I går kveld hadde eg gløymt å lukke vaskeromsdøra, og eg høyrde eit rabalder inne på vaskerommet. Når eg gjekk inn på vaskerommet, såg eg ikkje noko, så eg lukka døra og gjekk inn på kjøkkenet.
Då eg såg ut vinduet, såg eg sko og skitne kle som låg strødd utover tunet.... Etter å ha vore lenge på tur, så var vaskeromsgolvet ganske så fullt av skitne kle, og ein del av desse låg no utover tunet....

Eg var ikkje i tvil om kven det var som var ute med "revestreker", og då eg kom ut sto syndaren der, og nesten "smilte" til meg....


Eg trampa i bakken til han, og prøve å jaga han vekk, men han berre såg på meg, og "hoppa" litt rundt, akkurat som ein hund som vil leika.

Eg gjekk inn og henta fotoapparatet, og når eg kom ut igjen og satt meg på trappa, så var han heilt borte og snuste på tærne mine.....eg kunne ha klappa han, men det våga eg ikkje....
Ein nydelig rev, som er fin i pelsen..... Ingen tegn til skabb el sjukdom.

Ser faktisk utstoppa ut.....



Sommarferie

Då har me komt heim frå årets sommarferie..... Har hatt 1,5 veka på campingvogntur.....
Me som aldri har hatt ei campingvogn bak bilen før, tok avgårde med campingvogn, 5 unger og ein mann som HATER å kjøra bil. Med denne bakgrunnen så må eg innrømma at eg hadde litt "sommerfugler i magen" og spenningen var stor når me kjørte avgårde....

Fyrste dagen (mandag), kjørte me til Isane i Nordfjord, og besøkte nokon venner. Kjempekjekt å sjå dei igjen, det blir så altfor sjeldan me ser kvarandre når avstanden blir litt stor. Turen gjekk kjempeflott, og både mann og unger var smilande og blide når me kom fram.....og sjølvsagt så kom me fram til nysteikte vaffler og glutenfri kake:-) ....til tross for at eg hadde gitt klare instrukser om at me hadde med oss både mat og seng:-) Me hadde her ein kjempekoselig kveld sammen:-)


Dagen etter kjørte me videre til Ålesund. Her fant me ein liten plass inne på den einaste campingplassen som var i Ålesund, Volsdalen Camping. Etter litt manøvrering, fekk me oss ein fin plass, som blei ordna til, sånn at me skulle få god plass utenfor....

Nedenfor campingplassen var det ei kjempefin strand, og me bestemte oss for å ta oss ein rolig dag her. Onsdag gjekk me derfor i Atlanterhavsparken, etterfulgt av ein tur på stranda for å grilla.... Me hadde her ein kjempekoselig dag, kan ikkje huska sist me samla heile familien til ro og "strandkos". Ungane kosa seg med å leita etter krabbe og vassa i den ISKALDE sjøen, mens mor og far slappa av i den varme sola......

Atlanterhavsparken var ein fin opplevelse, og me var heldig og hadde fint vær, så ungane kunne kosa seg litt utenfor på det fine uteområdet....

Dagen etter starta me på turen vidare fram til "målet" vårt.....BUD, nord for Molde. Me skulle her på eit slektstreff på Bjørnsund, ei øy ute i havet.

BUD var ein fantastisk flott plass, og me fekk plass heilt nede med stranda, sammen med svigerforeldra mine. Ungane synest det var kjekt å campe sammen med farmor og farfar som hadde bubilen sin parkert rett vedsida av oss. Felles grillkos om kvelden satt "prikken over i`en"...

Me hadde ikkje vore der lenge før gutane forsvant på stranda, og dei koste seg i fleire timar med å bygge "demning" og fange krabber.... Korleis gutane såg ut den kvelden, kan ikkje akkurat beskrivast.... Når fjæra kjem, blir stranda til gjørme, og når gutane då sklir og dett.....ja, då kan du tenka deg resultatet sjølv:-) ....men gøy hadde dei det:-)


Me kom til Bud 2 dagar før me skulle på slektstreff, så me nytta då muligheten til å kjøra ein tur på Atlanterhavsveien, og videre til Kristiansund. Planen var at jentene skulle få shoppa litt, men det blei "sabotert" av 2 små brødre som hadde samla opp MASSE energi som berre MÅTTE ut!! (Les: springing frå butikk til butikk, under kle-stativ, og med behov for å TA på ALT som dukka opp..... kle, sminke osv...) Me fant derfor ut at det var tryggast å kjøra der ifrå....


På vei tilbake blei det stopp på Atlanterhavsveien, med is og litt fotografering....

Lørdag var det slektstreff.... Me tok båt utover, og blei møtt på Bjørnsund av fleire slektningar. Me fekk då omvising på museumet som er laga der, og me fekk masse spennande informasjon om slekta og forfedrene til mannen min.

Deretter blei det omvising på øya, før me blei invitert inn på Bedehuset der me fekk servert NYDELIG glutenfri, heimelaga fiskesuppe.... Til og med varme glutenfrie rundstykker til:-)
*Eg blei rett og slett imponert*

Fiskesuppa smakte så godt at både små og store måtte forsyne seg fleire gonger.....

Sjølv om dagen var våt og sur, fekk me ein kjempefin tur. Bjørnsund var ei nydelig øy, og dei kvite gangveiene mellom kvite hus med nydelige hager gav oss skikkelig "Sørlands-idyll".

Likevel var det mulig å forstå at det har nok vore tøft å bu her ute i havgapet når stormane herja som verst, og "redselen" for kven havet tok neste gong.....



Då båten tok oss tilbake til Bud, var me takknemlig for gjestfriheten som me fekk på Bjørnsund, og me håper at dette ikkje er siste gong me besøker denne øya.


Lørdagen blei avslutta på Bud Restaurant, der me fekk servert fiskebuffe.... Masse gode fiskeretter, men dei aller minste var nok mest fornøyd med at dei fekk flatbrød med MASSE smør!!

Søndag morgon var det på tide å vende "nasa heimover" igjen.... Sjølv om me denne morgonen ikkje hadde lyst til å stikka nasa utav campingvogna. Det regna så mykje at det høyrdes ut som det var masse apekatter som hoppa på taket....eller som ungane sa: høyrest ut som me poppa popcorn....


Etter å ha kjørt mesteparten av dagen, stoppa me på Jølvassbu camping i Jølster.... Dette var ein fantastisk flott campingplass. Reint og velstelt, med gjestfrie eigarar... Absolutt ein plass å anbefale.
Det regna fremdeles kraftig søndag kveld, så det var godt å sitja tørt og varmt inne i campingvogna....

Mandag morgon våkna me til oppholdsvær, og ungane fekk bruka litt energi på å springa og sparka fotball, før turen gjekk vidare til Bergen.

Ferieturen blei avslutta med at me voksne kjørte frå alle ungane hos tante og onkel i Bergen, for å gå på Bruce Springsteen konsert.....med hotell-overnatting:-)

 Ein fantastisk flott slutt, på ein FANTASTISK ferie!!






tirsdag 3. juli 2012

ENDELIG......

Med denne overskrifta så meiner eg rett og slett at eg ENDELIG er "komt i havn" med mitt siste og store prosjekt......ihvertfall nesten!!

Det siste prosjektet mitt, som eg har brukt det meste av døgnet på dei siste 2 mnd, (innimellom dei heilt nødvendige kvardagsrutiner som berre MÅ gjerast), er VERKSTAD/BUTIKKUTSALG...

Eg har no leigd meg lokaler i Våge (Tysnes), og eg har der innreda min egen verkstad med strikkemaskinen, monteringsmaskinen og på sikt vil nok symaskinen finna seg ein liten plass der og.....
Eg har og flytta ned "nettbutikken", og har opna butikkutsalg 3 dagar i veka. Det er eit spennande prosjekt, og det blir ekstra spennande å sjå om kundene finn veien innom.

LITT BILDER FRÅ BUTIKKEN:


Litt av garn, stoff og tilbehør til lappeteknikk...... På veggen heilt bakerst er det meininga at eg skal ha strikkepinner hengande, men eg har dessverre ikkje fått plata og piggane dei skal henga på  endå...


.....meir garn....


Skinnsåler, trollgarn og ull......

 

Litt av utvalget mitt av HTS BeSafe Bilstoler og div. biltilbehør og barneutstyr......
Div. barne-/sikringsutstyr......

Bil-/barneutstyr....


Sangenic bleiebøtter-/refiller....

Bübchen (tidl.Aponti) såpeserie..... Ei FANTASTISK serie, uten kunstige tilsetjingsstoff....

Søt vogn-pynt.....
.....og skjønne "rangle-armbånd"

Som dåke kan sjå så er det eit ganske stort og bredt vareutvalg eg har....
Eg ønsker alle velkommen innom, for å kjøpa eller rett og slett berre for å kikka.

Eg er der:
Mandag & Tirsdag 9 - 14
Torsdag 9 - 17
Eller etter avtale:-)

For deg som ikkje har mulighet til å komma innom, så finn du varene i nettbutikken min: