søndag 29. april 2012

Kaker

Då har eg satt meg ned for  "roa ned" etter ei rolig veka, og lade opp mot ei hektisk helg i vente..... Her i huset er det 3 bursdagsfeiringer på 10 dager no. Det inneber jo selvfølgelig KAKER.

Bursdagsbarna er fyrst mannen min (26.april), meg (4.mai) og mellomste guten (6.mai).
Me voksne er ikkje så opptatt av kaker, så eg pleier å samle alle på ein dag + ett barneselskap.
Sjølv er eg ikkje så glad i kaker, men synest det er kjekt å bake, og ikkje minst så er det kjekt å samle slekt og venner. Her i huset blir me ofte 30 stk når me feirer bursdager.....besteforeldre, tanter, onkler, søskenbarn, gode venner osv.....slekta er stor og eg synest det er kjekt å samle alle.

Her vil eg vise litt av kakene som eg har laga:



Her er sjørøverskuta som Håvard fekk til 8 år`s dagen i fjor.....


 

Her er marsipankakene til 2 års dagen til Henrik og Sindre..... Sjølv om dei feirer dagen samtidig, så må dei jo få kvar si kake....
Bak står det f.v snickerskake, ostekake og is-kake med kjeksbunn.....


      Her er marsipankaka som eg laga til Jonas sin 1 års dag.......


Marsipankake til Susanne sin barnedåp...........



Kransekake til barnedåpen til Madelen...



 

Marsipankaka til barnedåpen til Madelen...

Som dåke ser så er det mykje marsipankaker, og sjølv om eg ofte lager det, så må eg berre sei at eg har ikkje smakt nokon av dei.....eg liker rett og slett ikkje marsipan (sjølv om eg ser sånn ut..)


torsdag 26. april 2012

Forkle og Bringlist.......

Uff, no sitt eg i go`stolen og kikker på masse forskjellige håndarbeidsblogger, og kjem på at det faktisk er lenge sidan eg sjølv har oppdatert bloggen min..... så mykje har ikkje skjedd sidan sist, men litt "nytt" er det jo....
Eg blei operert i magen forrige fredag, så siste veka har det blitt mykje lesing og tv-kikking, og litt håndarbeid selvfølgelig.... Gleder meg til å vere tilbake i "normal" familiesituasjon igjen. Har vore mykje sjukdom i familien siste året. Håper me har brukt opp all vår uflaks for mange år framover....

I det siste har eg montert 2 barnegensere og 1 kofte for kunder. Eg liker godt å montere strikkeplagg, kjekt å sjå det ferdige resultatet:-)
Eg held no på å  sy på bunad til tantejenta mi, Susanne.....No har eg sydd ferdig forklebord og bringelist....


Her er forkleborda, som eg har sydd i sultan. Eg synest det blir finast til små barnebunader, og så går det jo fortare. Mykje arbeid å sy på lin, det blir så mykje mindre og mønstet må jo då vera større....
Det gjenstår å montere den på bomullstoffet, oppe og nede:-)

Her er bringlista....  Når eg syr små barneskjorter, så syr eg på nupereller rundt arm-/ og halslinningen, og så fester eg ei bringlist i hardangersøm tilslutt. Det er fordi eg synest det blir for stort og ruvande med ei brei hardangersøm-linning rundt hals/arm til små jenter....

No held eg på å sy nupereller på skjorta, så det går heldigvis framover.....