tirsdag 22. mai 2012

Akvarium

Håvard fekk akvarium til bursdagen. No har det stått ei god veka og "godgjort" seg, og idag var me til Stord og kjøpte fisk :-)  Me har aldri hatt akvarium før, så dette er eit spennande prosjekt for både "store og små"...


120 ltr. akvarium, med planter og lavasteiner..... "sjørøverbåt-vrak" ligg der og.

Kardinaltetra

"Platy" (orange) og "Black Molly" (svart)


Alle fiskane samla.... Har og ein "ancistrus" (alge-eter), men den gøymer seg i sanden. Hadde egentlig 2 av dei, men den eine døydde, dessverre.



Ein stolt akvarie-eigar....

mandag 21. mai 2012

Bunaden ferdig.....

Då var nokon strevsomme veker over.... Siste månadane har eg stort sett kun tenkt på bunader, og eg kom "i mål" i år og....


Susanne sin bunad blei ferdig til 17.mai..... Nydelige tantejento mi!


Eg er no igang med å planlegge flytting av nettbutikken min, så det vert lite tid til håndarbeid akkurat no. Etter at eg i 2008 avvikla butikken eg hadde, blei alt lager flytta heim. Kjellerstova har derfor vore full av garn, barneutstyr, strikkemaskin osv.....men dette nærmer seg no slutten.
Eg har leigd eit lokale, og har planer om å opne verkstad/lagerutsalg iløpet av juni månad. Det blir derfor nokon hektiske og spennande veker framover...