torsdag 9. februar 2012

SOMETHING FISHY

Eg er no godt igang med mitt nye prosjekt.....eller eit av mine prosjekt. Eg har jo alltid fleire prosjekt på gang samtidig, klarer aldri bli ferdig med noko før noko anna spennande prosjekt frister meg.
Fordelen er at eg ikkje blir lei, og eg trives igrunn med å variere mellom forskjellige prosjekt....

Something Fishy av Mc Kenna Ryan er mitt nye prosjekt. Mc Kenna Ryan har blitt ein av mine favoritt designere.... Ho har masse fine mønster,  rett og slett fantastiske "bilder", frå naturen...

Sånn skal bilde/teppe sjå ut når det er ferdig..... Det består av 4 blokker + ramme.

Her er eg begynt på den store skilpadda i blokk 2....

Her er begynnelsen på den minste skilpadda.....

Masse små deler skal legges på plass for å få skilpaddeskallet til å bli til ei skilpadde....

Nokon av delene er så små at det er vanskelig å få legge dei skikkelig på plass.... Ein pinsett er eit kjempeflott hjelpemiddel....

Her er starten på blokk 3... Her og er masse små deler som skal på plass....
Det er viktig å vere nøyaktig når delene skal legges på plass, då vert sluttresultatet perfekt.

Delene er blitt til ein fisk....

Her er blokk 3 ferdig strøket og på plass....

...og blokk 2 er og ferdig strøket og på plass....

No gjenstår blokk 1 og 4, men eg slapp selvfølgelig opp for vlisofix, som eg bruker  bak på stoffene for å lime dei fast til kvarandre.... Har bestilt meir, og håper dei snart kjem i postkassa mi....

Tilslutt skal alle blokkene sys sammen, og alle små delene skal applikeres rundt.... Det er masse arbeid, men det er sånt som eg liker... Mykje "dille arbeid" bak symaskinen....






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar