søndag 21. august 2011

Solan og Ludvik

Denne sommaren har dessverre ikkje vore heilt sånn som eg kunne tenkt meg. Alt starta med ein nyrebekkenbetendelse, som gjekk over til "murrande, stikkande, brennande og vonde" magesmerter. Etter masse fram og tilbake og div "diagnosar" er eg kome litt nærmare eit svar.... Sannsynligvis er det eit brokk, men det er ikkje 100% bekrefta. Skal på CT på torsdag, og håper då på eit svar.

Det er derfor ikkje så mykje eg har orka i sommar. Ikkje så enkelt å få ting gjort når det er vondt å strekke seg ut, og helst vil sitje "krøka" i ein stol. Har masse planer, og når ein sit "krøka" i ein stol får ein jo og nye ideer.... Har derfor fått det endå meir travelt med å bli frisk:-)

Strikking er noko som eg har fått gjort i sommar, og då er det Solan og Ludvik eg har skapt. Dei var kjempegøy å strikka, men det var veldig frustrerande når tråden "floka" seg, og eg mista masker. Det er bortimot umulig å rekke opp el finne igjen masker i det "flussete" garnet......
Det som og gav meg ein stor utfordring var å hekle hatten til Ludvik. Eg kan ikkje hekle, og eg hadde heller ikkje lese mønsteret før eg starta. Eg hadde derfor ikkje noko valg, -eg MÅTTE lære meg å hekle.
Tolmodigheten min blei ihvertfall satt på prøve. Fyrste hatten såg ut akkurat som "Egon Olsen" sin, så då var det berre å starte på nytt!! Etter mange forskjellige fasonger fekk eg dreisen på heklenåla, og hatten blei tilslutt fin. Eg meiner derfor eg heretter kan sei at eg kan faktisk hekle og:-)


Små detaljer gjer også Solan og Ludvik ekstra fine.... Solan har ein liten "hale" som stikk ut av buksa bak, og eg har ingen problem med å sjå for meg Solan når han "vifter" med halen i det han stikk hovudet inn i teltet til Sheik`en og får sjå den nydelige "Soline"....
Ludvik sin sekk er og med på å gjere han ekstra fin og truverdig:-) Er rett og slett imponert over vedkommande som har laga dette mønsteret.....


Små detaljer som "pingpong-baller" på skoene gjev ekstra arbeid, men resultatet blir flott:-)

                                                      "Fali`det"......

Blir nok strikka fleire av desse..... det var rett og slett kjempegøy:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar