mandag 22. august 2011

All Cooped Up

Oj....no blei er overraska når eg gjekk inn på bloggen min og oppdaga at over 80 stk har besøkt bloggen min idag:-) Kjempegøy!!

Idag har eg ikkje vore heilt i form, så eg har tilbragt dagen i "go`stolen", og avslutta veggbildet mitt "All Cooped Up". Det kjedelige med lappeteknikk er jo å sy kanten til slutt.....for hånd!! Eg er blandt dei som HATER tråkling og "avsluttningsarbeid".... Har derfor masse "halvferdige" arbeid som ligg litt rundt omkring.....dessverre!!

Dette er faktisk det fyrste store lappearbeidet mitt, og det var kjempegøy å sy... Blei faktisk ferdig med det og, UTEN at det har vore innom "bli-ferdig-haugen" min:-)


Mykje arbeid var det å klippa ut alle dei små delene som fyrst skulle limast fast på teppet. Deretter skal kvar del syast fast med symaskinen. Ofte trådbytte og små detaljer gjer at det er tidkrevande.....men så blir jo sluttresultatet flott då!

Det er i utgangspunktet 4 forskjellige bilder som blir satt sammen til 1.... Her er værhanen....

-----Liten kylling på "prestekrage". Dette var den som var mest utfordrande synest eg. Her er kvar einaste kronblad klipt ut og blitt satt sammen til ein blomst. Det var mykje arbeid å få den slik som den skulle vera. Alle kronbladene skulle setjast sammen, samtidig som midten skulle "dekka" alle endane.

-----Liten kylling på egg. Denne blei sydd på samme måte som forrige, der kvart kronblad blei klipt kvar for seg og satt sammen til ein blomst. Likevel var den enklere, for her var det "berre" ein blom som skulle passa.....

Siste bilde er og ein hane, den var litt vanskeligare enn fyrste hane, fordi det er eindel "små-deler" som skulle bli satt sammen til ein hane:-) Eg synest den blei fargerik og fin:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar