fredag 27. juli 2012

Revestreker

Me har sidan tidlig i vår hatt besøk av ein nydelig rev..... Den er tam, og "går mellom beina" på oss ute i tunet. Fleire gonger har den vore oppe på trappa og stjåle sko, og dradd dei utover tunet.

I går kveld hadde eg gløymt å lukke vaskeromsdøra, og eg høyrde eit rabalder inne på vaskerommet. Når eg gjekk inn på vaskerommet, såg eg ikkje noko, så eg lukka døra og gjekk inn på kjøkkenet.
Då eg såg ut vinduet, såg eg sko og skitne kle som låg strødd utover tunet.... Etter å ha vore lenge på tur, så var vaskeromsgolvet ganske så fullt av skitne kle, og ein del av desse låg no utover tunet....

Eg var ikkje i tvil om kven det var som var ute med "revestreker", og då eg kom ut sto syndaren der, og nesten "smilte" til meg....


Eg trampa i bakken til han, og prøve å jaga han vekk, men han berre såg på meg, og "hoppa" litt rundt, akkurat som ein hund som vil leika.

Eg gjekk inn og henta fotoapparatet, og når eg kom ut igjen og satt meg på trappa, så var han heilt borte og snuste på tærne mine.....eg kunne ha klappa han, men det våga eg ikkje....
Ein nydelig rev, som er fin i pelsen..... Ingen tegn til skabb el sjukdom.

Ser faktisk utstoppa ut.....



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar