torsdag 26. april 2012

Forkle og Bringlist.......

Uff, no sitt eg i go`stolen og kikker på masse forskjellige håndarbeidsblogger, og kjem på at det faktisk er lenge sidan eg sjølv har oppdatert bloggen min..... så mykje har ikkje skjedd sidan sist, men litt "nytt" er det jo....
Eg blei operert i magen forrige fredag, så siste veka har det blitt mykje lesing og tv-kikking, og litt håndarbeid selvfølgelig.... Gleder meg til å vere tilbake i "normal" familiesituasjon igjen. Har vore mykje sjukdom i familien siste året. Håper me har brukt opp all vår uflaks for mange år framover....

I det siste har eg montert 2 barnegensere og 1 kofte for kunder. Eg liker godt å montere strikkeplagg, kjekt å sjå det ferdige resultatet:-)
Eg held no på å  sy på bunad til tantejenta mi, Susanne.....No har eg sydd ferdig forklebord og bringelist....


Her er forkleborda, som eg har sydd i sultan. Eg synest det blir finast til små barnebunader, og så går det jo fortare. Mykje arbeid å sy på lin, det blir så mykje mindre og mønstet må jo då vera større....
Det gjenstår å montere den på bomullstoffet, oppe og nede:-)

Her er bringlista....  Når eg syr små barneskjorter, så syr eg på nupereller rundt arm-/ og halslinningen, og så fester eg ei bringlist i hardangersøm tilslutt. Det er fordi eg synest det blir for stort og ruvande med ei brei hardangersøm-linning rundt hals/arm til små jenter....

No held eg på å sy nupereller på skjorta, så det går heldigvis framover.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar