torsdag 13. oktober 2011

KJØKKENHJELP

Etter ei slitsom og tøff veke, der eg har hatt ein feber-/astmasjuk gut, og ein veldig frisk gut, kombinert med at eg sjølv har hatt nyrebekkenbetendelse er det berre å brette opp armane og begynne å forberede 3 års dagen til tvillingane....
Kakebaking står fyrst på programmet, med GOD "hjelp" av to aktive gutar.

Stolane "fyk" raskt over golvet og gutane står kjapt mellom meg og kjøkkendisken....med unntak av dei gongane dei er oppå disken for å undersøke nærmare, ingredienser og kakeformer. Sukkerskåler må sleikast reine, mjøl smaker ikkje godt, så den skåla blir raskt skubba vekk.... Smør derimot smaker fantastisk.....

Stressnivået blir litt høgt, når det står ein gut bak meg og stabler egg utover kjøkkendisken, og ein gut ved sida av meg som drikk fløyterester....som faktisk ikkje er rester...
Når daimsjokoladen plutselig "knekk" på midten og store daim-biter forsvinn inn i ein liten barnemunn, fortel blikk og smil at det er ein gut som er veldig fornøyd med innsatsen.



Det er sånne dager at ønske om eit ekstra sett med armer står høgt på ønskelista....


Deilig var det derfor når "Store-Ramp" la seg ned til å sove..... Han er ikkje heilt på topp endå, men DET er "Lille-Ramp", og  no har han fullstendig enevelde på kjøkkenet.....
Aktivitetsnivået hans er på topp, og han er raskt å sleike både slikkepotter og visper FØR mammo oppdager det....



Etter nokon timer med baking, er 2 stk daimkaker, 2 sukkerbunner og 1 suksesskake på plass i frysen, klar for lørdagens bursdagsfeiring!!
...at det er litt lite daim i iskaka og at sukkerbotnen mangler litt av hjørnet er det vel ikkje nokon som ser??


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar