lørdag 29. oktober 2011

Geilomo

Dagane etter bursdagsfeiringa har blitt brukt til å planlegge og pakke til Amalie skulle reise til Geilo på astma-habilitering.... Mykje skulle pakkast, og garderoben her heima har ikkje vore tilpassa vinter endå...men det måtte ordnast. Når ho no skal vera på Geilo i 4 veker, krev det vintergarderobe....sjølv om snøen ikkje er komt der endå.... Ikkje enkelt å få oversikt over alt nødvendig utstyr, og ikkje minst; MERKING av alle kle/utsyr.....men kom heldigvis i mål...

Me starta turen heimefrå mandag morgon kl. 05.20..... ingen av oss var heilt våken, men etterkvart som det lysna og blei dag, våkna me begge til.

 
Me hadde ein kjempefin tur over Hardangervidda, sola skein, lite trafikk, men kald vind..... Me måtte likevel ha oss ein stopp, og gå ut og strekka litt på beina!

Då me nærma oss Ustaoset, kom skodda "rullande" mot oss......
...og plutselig var me "inntylla" i tett skodda.... UTRULEG kor fort været skifta!!

Me kom likevel vel fram til Geilomo Barnesjukehus, og har no hatt nokon spennande dagar med masse  spennande inntrykk.
Her står ei spent jente, framfor Geilomo.

Etter 6 dagar på Geilomo, måtte eg idag reise heim igjen.... Tøft å reise frå ho, men satser på at ho får eit kjempefint opphold.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar