søndag 25. september 2011

KAOS-Kontroll??

Då var nokon stressande timar over, og eg kan setja meg ned i joggebukse med beina høgt... Har vore i barnedåp idag, til den skjønne niesa mi, Madelen. Snillere og roligere jente trur eg ikkje finst. Ikkje ein lyd, hverken under gudstjenesta, dåps-sermonien eller i selskapet etterpå....

Her i heimen går det sjelden så rolig for seg.... Etter å ha strøke 7 bunadskjorter, 3 forkler, pusst 54 bunadknapper, hengt fram bunader, funne fram brystduker, belte, søljer, sokker og sokkeband, hadde eg følelsen av å ha full "kontroll" kl. 23.30 igår kveld....

Idag tidlig, etterkvart som stress- og lydnivået steig, glei den følelsen sakte men sikkert fram mot ein følelse av KAOS. Når alle skal ha bunad på samtidig, alle roper "mamma, kor er det", "mamma, skal det være sånn", "mamma HJELP".... Her mangler ein knapp, skoene er for små, beltet er for trangt, og midt imellom spring "Lille- og Store Ramp" som virvelvinder med knekkebrød, brunost og prim.... Forklene som var fint strøket igår kveld, og som hang fint over rekkverket i gangen ligg som vaskefiller på golvet etter at "Lille- og Store Ramp" har passert med knekkebrødene sine.....KAOS er vel då det rette ordet....

Men litt etter litt, etterkvart som alle blir meir og meir kledd, senker stress- og lydnivået seg og me kan ENDELIG begynne å plassere dei håpefulle i bilen.... og utruleg nok, ser det ut som me kjem oss i kyrkja før kyrkjeklokkene kimer....Puhhh rakk det idag og:-)

Så er det neste utfordring...... Få Lille- og Store Ramp" til å sitje fint i ro, og ikkje tilkalle seg altfor mykje oppmerksomhet. Håper alltid at det er nokon andre unger der som lager meir bråk enn mine, sånn at oppmerksomheten kan bli dratt vekk frå oss..... Fant raskt ut at det dessverre ikkje var nokon sånne unger i kyrkja i dag, og oppmerksomheten kunne selvfølgelig rettes direkte mot oss.

Sindre starta "showet" når han fekk tak i pappa sin hatt.... den blei flittig brukt i hans oppmerksomhets-trang.... Hatten på skeiva, ned framfor ansiktet, og ellers fram og tilbake på benken med litt høglytte lyder....
Oversjå han var ikkje så enkelt, lydnivået hans gjorde det umulig.... Klatre bak på benken bak, og legge seg på golvet innimellom benkeradene. Latteren hans kunne rett og slett ikkje skjule kor gøy han hadde det.....
Når gudstjenesta nærma seg slutten blei han etterkvart så lei at han la seg likegodt ned på golvet i midtgangen....
Ingen problem med å sjå at han begynner å bli lei, og eg begynner og å håpe at det nærmer seg slutt, kjenner at eg har fått nok oppmerksomhet etterkvart.....
Tilslutt blir han ganske så rolig, og eg får eit lite håp om at han kan sovne??

......men då tar "storebror" over oppmerksomheten. Han satt lenge i ro på fanget til tante og koste seg, men det er jo litt dumt at "lillebror" skal få så masse oppmerksomhet....
....litt sjarmering, og kanskje litt "pøbel-tanker"????
....men då ringer endelig kyrkjeklokkene, og me kan senke skuldrene på nytt..... Sannsynligvis slepp me dei store skandale-overskriftene denne gongen og....

Den nye utfordringen då er korleis det vil gå med middagsbordet....heldigvis er det her berre familien som ser dei, men det betyr ikkje at dei ikkje prøver seg på litt sjarmering  og "små-ramp" utover dagen...
Gjett om det var ein som var glad når han oppdaga at dei fine hjertene som tante hadde pynta bordet med inneholdt sjokolade.....

Resten av dagen gjekk stort sett med til springing og litt "små-ramp"..... At ein liten finger passerte kakebordet akkurat i passe avstand til små smaksprøver, marsipanroser "forsvant" frå kakene, geleen blei sleika opp frå golvet av ein liten barnemunn, vindu blei "vaska" av ei lita barnetunge, to små som finn ein pinne med våt maling på, og rulling/klatring i bunad er det nok dei ferraste som la merke til.....håper eg!
Familiebilde må me etterkvart gi opp, men klarte å få alle mine 5 håpefulle samla på eit bilde..

Når Henrik i full fart kolliderte med eit bord, så blodet rant, fant me vel ut at no var det på tide å avslutte selskapet for vår del...

Ein opplevelsesrik dag, blir avslutta med nytt KAOS, når bunader skal av, skitne skjorter og forkler skal i vask, bunadsølvet skal tilbake på plass, OG eg begynner å lure på korleis eg skal klare å få sand, mold, grønnske, kake, is, brus, maling og blod av klerne igjen.....

Då er det godt  å setje seg ned, NYTE kvelden, og sjå på dei nydelige, sjarmtrolla som ligg så rolig, fredelig og søtt og sover.....





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar