søndag 18. september 2011

BUNAD UFO`ER

Har ikkje vore heilt i strøk i det siste, så blogglysta har ikkje vore heilt på topp..... Har likevel hatt nokon små-prosjekt på gong, som MÅ bli ferdig.
Bunadsying har eg drive med lenge, men eg har dessverre hatt nokon UFO-bunader, med "skjulte" skavanker... Når tida ikkje strekk til, så er det mulig å "fjuske" det ferdig...men det er kjedelig å måtte ta det opp igjen,  -og då blir det ofte liggande altfor lenge:-)

Synest faktisk det er veldig fint med bunad, og praktisk.... ikkje noko problem å finna festantrekk, og ikkje noko stress med å finne kjoler o.l til heile familien før 17.mai.... MEN det er mykje arbeid med å stryke og gjere det klart 16.mai....



Her er heile familien i bunad, tatt i barnedåpen til tvillingane i november 2008. Eg har sydd mannen min sin bunad, og begge døtrene mine sine. Min har eg og sydd, men forkle/skjorte har farmor sydd til konfirmasjonen min.... Sonen min sin bunad har svigermor sydd (foruten skjorta, som eg har sydd)...Svigermor har og sydd dei nydelige dåpskjolane....



Akkurat no held eg på å sy fast foret i bunaden som eg har sydd til Yngve, som er både fetter og svogeren min. Då eg sydde bunaden til han, blei eg ikkje ferdig med å feste foret inne i jakken og vesten hans. No er det endelig gjort, så då kan eg stolt sei meg ferdig med den bunaden og....

Han blei ganske så staselig, der ingen kan sjå at foret ikkje er heilt festa......

Neste prosjekt er å sy for bak på brystduken til dattera mi, som var konfirmant i mai. Tidspresset den gongen og, gjorde at eg ikkje rakk det før konfirmasjonsdagen hennes.... men ingen kan sjå det heller..
Konfirmert blei ho likevel.... Og nydelig var ho:-)

Her er ho sammen med kusina Elin, som var konfirmert helga før.... Nydelige er dei begge to...


Eg har og sydd bunad til Jonas, go`guten til tante:-)

......men han er lite interessert i noko fotoseanse......
.....men go`er han:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar