tirsdag 31. januar 2012

JULEGÅVER

Har i kveld hatt ein tur innom denne bloggen, og oppdager til min forskrekkelse at eg ikkje har blogga sidan 1.desember..... Har ikkje akkurat vore i storform for blogging, men blei overraska over kor fort tida har gått....

DESEMBER
var ein "travel" månad på håndarbeidsfronten.... Eg svetta meg gjennom fleire prosjekt, som skulle vera ferdig før jul. Dette var vel og grunnen til at det ikkje blei noko blogging i desember....eg kunne rett og slett ikkje visa fram julegåvene som eg jobba med.

Alle tanteungane fekk kvar sin julesokk....lik dei som eg sydde til mine eigne ungar.

I tillegg fekk dei kvar sine par votter....Her er Elin, Kristin, Eirik og Håkon sine...

......Jonas sine....

Elin og Cathrine sine (Cathrine fekk ikkje navn på....det var rett og slett for langt navn)


tilslutt Susanne og Madelen sine...

Elin, Cathrine, Susanne og Madelen sine blei ikkje ferdig til jul, men dei fekk ei fin "januar-gåve"...

I tillegg til desse sy-/strikkeprosjektene her, skulle eldstejenta vera med på juleshow som klassen hennes lagde til for å tjene penger til klasseturen som dei skal ha til våren... Eg sydde derfor julekjole til ho....


Puuhhh..... Desember kom og forsvant fort som berre det. Masse håndarbeidsprosjekt blei ferdige og litt forskjellige blei lagt tilside. Fordelen med dei prosjekta som er lagt tilside er at eg er godt igong med neste år`s julegåver.....




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar