tirsdag 8. november 2011

Julesokker

Ja, det er berre å innsjå at jula nærmer seg med stormskritt.... Juleforberedelser er sjarmerande og kjekt, når alt arbeidet er under kontroll....dessverre er det sjelden eg har vore på det stadiet.

I ÅR har eg ihvertfall tenkt å bli tidlig ferdig med julegåver, julebakst, julevask osv, osv..... akkurat det samme som eg tenker kvart år....men kvart år ender det med at eg heseblesande pakker inn dei siste julegåvene litle-julafta, julebaksten blir tatt på Rimi, og julevasken blir utsatt til sommaren.... som deretter blir utsatt til jula igjen....det er vel det som blir omtalt som den "onde sirkel"???

Årets fyrste "juleprosjekt" er å sy nye julesokker til ungane, dei gamle er utslitt etter mange års bruk... Julesokk erstatter adventskalender her i huset. Dei heng på rekke og rad på kjøkkenet frå 1.desember, og kvar morgon er det spennande kva som er i pakken som nissen har vore å lagt oppi om natta.

 
Eg kjøpte eit kjempefint rødt flanellstoff, og klipte ut ein enkel sokk....

Masse små deler skal bli til 2 julemus som heng opp julekuler på juletre..


                                Her er musene komt på plass, og gutane har fått navnet sitt på......
(Jentene sine sokker er ikkje komt så langt endå...)

No sitter eg og syr "barnåler" på kanten av sokkene.....utruleg masse arbeid....

Så gjenstår berre monteringa av sokkane....blir spennande å sjå dei ferdig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar